Yo peeps, da rætz is back in biznizz. Vi veit at vårt fravær nok ein gong har vore hardt og brutalt for dykk kjære, kjære lesarar, og grunnen er vel egentlig berre at vi rett og slett ikkje har hatt lyst til å blogge denne siste tida. Vi følte at bloggen blei eit slit og eit strev, og innsåg at vi hadde mista oss sjølv i heile greiene. Meininga med denne bloggen var jo å ha det gøy og kjekt og morosamt og slikt, og vi følte at dette blei gløymt i all populariteten og oppstyret rundt vår blogg, og valgde derfor rett og slett å ta ein liten bloggpause. Når vi no er tilbake vil vi med ein gang slå fast at vi bloggar for vår eigen del, men vi skal så klart prøve å oppdatere bloggen så ofte og bra vi kan, vi veit jo kor viktig del av kvardagen denne bloggen er blitt for nokon av dykk.
Anyways, i dag dåkke! I dag har vert ein flott dag altså. Først sto Andrea opp klokka sju (!!!!!!) og gjekk på eit såkalla jobbintervju, noko som gjekk absolutt fløtt og sånn, kem kan vel sei nei til eit slikt omsorgsfulltvesen som både er smilande og sjarmerande? nei akkurat, så say hello til barnehagetante Andrea. I mårra er det Sunniva sin tur, ho er jo ikkje like smilande og sjarmerande, men rekna med det går bra med ho og.
For å feire dette bestemte vi oss for å ta oss ein tur på sjølvaste fløien. Google gjorde jobben sin og fant veien for oss, så då var det ikkje noko meir å protestere mot for stakkars Andrea som aller helst følte for å ligge på sofaen heile kvelden, spesielt fordi det regna. Men Sunniva, sprek som ho er, tvang ho med opp av sofaen og inn i joggeskoa for tidenes tur på fjellet, som ikkje var eit fjell men ein topp med ein vei opp.Vi satte i gang med full fart på vei opp, og merka fort at det er heile to dagar sidan sist vi trena. Absolutt på tide med andre ord.
På vegen opp såg vi seff mange av dei typiske idiotane som prøva å late som dei er så sjukt masse bedre enn oss og liksom skal JOGGE opp fløien. Lol liksom, vi veit at dåkke berre gjer det for å imponere oss, inte kul ass, inte kul.
Sjå, dei sprang så fort at vi nesten ikkje klarte å ta bilde av dei engang. Lol liksom, man går jo tur her for å sjå på naturen sant, tapera. Det her fekk vi med oss vertfall!:

Og sjå på ho her da, taper * 10000, sprang forbi oss i sånn 100 km/t, og ka skjer?

jo ho stoppa fem meter etterpå når ho trur vi ikkje kan sjå ho lenger.

Loooool liksom, vi og kan jo springe viss vi vil, vi vil jo berre ikkje sant. Logisk tenking folkens, logisk.
Her er Andrea nesten på toppen folkens, ikkje sliten i det heile tatt, sjå på den spreke jenta!!!
Shit, var vel ikkje akkurat det bildet vi skulle legge ut nei. Var berre posing for kameraet altså, prøvde å etterligne alle andre som syns det er sjukt tungt å gå opp fløien, er jo ingenting for oss så. Her er det riktige bildet seff, sjå der ja!:
Andrea kom seg og opp, heile veien til og med. Sjå så ho kosa seg med utsikta. Flotte, flotte Bergen. Regna gjer det og, men som dei seie: det fins ikkje dårleg vær, berre dårlege klær. Takk gud for treningsklede og regnjakke med andre ord.
Fekk oss til og med ein ven der oppe, lovde å komme tilbake på besøk i mårra, så no blir det fløien kver einaste dag følkens!
Ettersom Andrea nettopp har nådd trassalderen var det ikkje lett å få ho vekk frå leikeplassen, vart både grining og hyling når vi var nøydd å gå for å ikkje bli drept av regnet. Man kan faktisk dø av regn ja, vertfall her i B-town.
Til slutt har vi eit obligatorisk posing in da woods bilde, koffor skal man ellers gå på tur viss det ikkje er for å ta sexy bilder i fløtte omgivnader, det er vi vel alle enige om?
Alt i alt må vi sei oss godt fornøgde med dagens tur, vi brukte tross alt berre 3 tima, 42 min og 13 sekund opp, uten pausa selvfølgelig. Har hørt at dette skal vere ein ganske ok tid, ikkje dårleg med tanke på at vi ikkje har trena på sånn en halv dag. Vel i mårra er målet å komme under 3 tima og 40 minutt, kan vi klare dette? følg med oss vidare og få svaret vi alle ventar på!
xoxoxo
DaRætz