Hei igjen kjære lesarar. Vi må berre beklage vårt fravær, ettersom vi har fått opptil heile EIN kommentar om at vi er sakna. Vi har diverre vore superbusy heilt sidan forrige oppdatering, mellom anna med studering, tv-sjåing, soving og mat. Innhaldsrikt liv ja. Malene var også på besøk, og spanderte ein heil tortillachips!!! Passa perfekt ettersom vi nok ein gong skulle ete taco og i den anledning laga gøkkemøle som det så flott heiter.
Anyways, no er vi nok ein gong tilbake i vår fløtte casa etter ein lang dag i universitetsbygningane. Vi slappar av foran tv-en, og ettersom vi framleis ikkje har somla oss til å få det man kallar kanalar på tv-en så helde vi oss til tv-seriar på dvd, som vi heldigvis har ei relativt ok samling av for øyeblikket. Nett no er det oc det går i, noko som har ført til fleire kranglar om kem som skal få gifte seg med Seth Cohen. Det blir seff Andrea då.
Det vi eigentleg vil med dette innlegget er å vise deg, kjære lesar, nokre nye trendar frå moteverda.
Trend 1 - Bedhead
Bedhead trenden har som dei fleste blogglesarane våre sikkert veit vore i vinden ei stund, og i det siste har den blitt enda meir populær i kombinasjon med hemoglobinmangel, lite søvn og null sminke. For å oppnå denna fløtte stilen er det som sagt berre til å få hemoglobinmangel, sove lite, bruke null sminke, og helst ikkje børste håret på ett år. Stilen er også lettast å få til klokka 08.00 eller tidlegare om morgonen.
Trend 2 - Magebeltet
Magebelte??? tenke de kanskje no, ettersom det er ein del år sidan vi fekk sjå dette fenomenet på motomoloen. Men som vi alle veit kjem dei fleste trendar tilbake ein gong, og Sunniva er som vanleg førut si tid og har allereie slengt seg på magebelte trenden som ho har lukta skal kome tilbake neste år. Alt du treng er ein tråd, eit belte, eit skjerf eller evt eit skaut som du kan knyte rundt magen, og på denne måten freshe opp eit heilt antrekk. Enkelt og greitt ja!!!
No lyte vi sjå litt meir oc før vi skal vere flinke studentar som et middag på peppes
xoxoxoxo
Da Ratz