onsdag 5. oktober 2011

warning, warning

Vi vil med dette advare alle svake sjeler der ute mot å nokon gang fullføre sesong 3 av the o.c. Vi (Andrea vertfall, Sunniva såg på dataskjermen sin istedenfor) gjorde feilen for minst 4 gang i går, og endte opp i fosterstilling på sofaen mens alt vatnet i kroppen hennar forsvant ut augene. Ja, ho grein. Sjølv om bilder av Volchok i bar overkropp gjer det heile betre, er det ingenting som kan trøste deg når Marissa dør i Ryan sine armer. Så for alle som vil ha en fortsatt fin kveld, du veit ho dør, det er absolutt ikkje verdt å sjå det og vi vil påstå ganske unødvendig. 

Så over til gode nyhender, i dag har også Sunniva fått jobb som barnehagetante Sunniva. Dette betyr musefletter og store smil i tida framover for oss begge to, og ikkje minst å komme seg ut av senga rundt klokka sju om morningen kvar einaste dag. Harde dagar som går oss i møte med andre ord, men we can do it. 

No skal vi legge plana for kva vi kan bruke kvelden til. Vi tenker shopping, muffins, kino, film eller rett og slett berre ingenting. Fløien planane gjekk i vasken når Sunniva bestemte seg for å sove til klokka 16.00 og Andrea rett og slett berre har låge på sofaen i sånn ca heile dag. Velvel, ny sjanse i mårra! 

xoxoxo
Darætz

tirsdag 4. oktober 2011

fløyen beibi

Yo peeps, da rætz is back in biznizz. Vi veit at vårt fravær nok ein gong har vore hardt og brutalt for dykk kjære, kjære lesarar, og grunnen er vel egentlig berre at vi rett og slett ikkje har hatt lyst til å blogge denne siste tida. Vi følte at bloggen blei eit slit og eit strev, og innsåg at vi hadde mista oss sjølv i heile greiene. Meininga med denne bloggen var jo å ha det gøy og kjekt og morosamt og slikt, og vi følte at dette blei gløymt i all populariteten og oppstyret rundt vår blogg, og valgde derfor rett og slett å ta ein liten bloggpause. Når vi no er tilbake vil vi med ein gang slå fast at vi bloggar for vår eigen del, men vi skal så klart prøve å oppdatere bloggen så ofte og bra vi kan, vi veit jo kor viktig del av kvardagen denne bloggen er blitt for nokon av dykk.

Anyways, i dag dåkke! I dag har vert ein flott dag altså. Først sto Andrea opp klokka sju (!!!!!!) og gjekk på eit såkalla jobbintervju, noko som gjekk absolutt fløtt og sånn, kem kan vel sei nei til eit slikt omsorgsfulltvesen som både er smilande og sjarmerande? nei akkurat, så say hello til barnehagetante Andrea. I mårra er det Sunniva sin tur, ho er jo ikkje like smilande og sjarmerande, men rekna med det går bra med ho og.

For å feire dette bestemte vi oss for å ta oss ein tur på sjølvaste fløien. Google gjorde jobben sin og fant veien for oss, så då var det ikkje noko meir å protestere mot for stakkars Andrea som aller helst følte for å ligge på sofaen heile kvelden, spesielt fordi det regna. Men Sunniva, sprek som ho er, tvang ho med opp av sofaen og inn i joggeskoa for tidenes tur på fjellet, som ikkje var eit fjell men ein topp med ein vei opp.Vi satte i gang med full fart på vei opp, og merka fort at det er heile to dagar sidan sist vi trena. Absolutt på tide med andre ord.

På vegen opp såg vi seff mange av dei typiske idiotane som prøva å late som dei er så sjukt masse bedre enn oss og liksom skal JOGGE opp fløien. Lol liksom, vi veit at dåkke berre gjer det for å imponere oss, inte kul ass, inte kul.























Sjå, dei sprang så fort at vi nesten ikkje klarte å ta bilde av dei engang. Lol liksom, man går jo tur her for å sjå på naturen sant, tapera. Det her fekk vi med oss vertfall!:


















Og sjå på ho her da, taper * 10000, sprang forbi oss i sånn 100 km/t, og ka skjer?























jo ho stoppa fem meter etterpå når ho trur vi ikkje kan sjå ho lenger.























Loooool liksom, vi og kan jo springe viss vi vil, vi vil jo berre ikkje sant. Logisk tenking folkens, logisk.

Her er Andrea nesten på toppen folkens, ikkje sliten i det heile tatt, sjå på den spreke jenta!!!























Shit, var vel ikkje akkurat det bildet vi skulle legge ut nei. Var berre posing for kameraet altså, prøvde å etterligne alle andre som syns det er sjukt tungt å gå opp fløien, er jo ingenting for oss så. Her er det riktige bildet seff, sjå der ja!:























Andrea kom seg og opp, heile veien til og med. Sjå så ho kosa seg med utsikta. Flotte, flotte Bergen. Regna gjer det og, men som dei seie: det fins ikkje dårleg vær, berre dårlege klær. Takk gud for treningsklede og regnjakke med andre ord.


















Fekk oss til og med ein ven der oppe, lovde å komme tilbake på besøk i mårra, så no blir det fløien kver einaste dag følkens!













































Ettersom Andrea nettopp har nådd trassalderen var det ikkje lett å få ho vekk frå leikeplassen, vart både grining og hyling når vi var nøydd å gå for å ikkje bli drept av regnet. Man kan faktisk dø av regn ja, vertfall her i B-town.

Til slutt har vi eit obligatorisk posing in da woods bilde, koffor skal man ellers gå på tur viss det ikkje er for å ta sexy bilder i fløtte omgivnader, det er vi vel alle enige om?


















Alt i alt må vi sei oss godt fornøgde med dagens tur, vi brukte tross alt berre 3 tima, 42 min og 13 sekund opp, uten pausa selvfølgelig. Har hørt at dette skal vere ein ganske ok tid, ikkje dårleg med tanke på at vi ikkje har trena på sånn en halv dag. Vel i mårra er målet å komme under 3 tima og 40 minutt, kan vi klare dette? følg med oss vidare og få svaret vi alle ventar på!

xoxoxo
DaRætz

fredag 9. september 2011

Trolololol

Ettersom vi no skal forlate el casa en Bergen til fordel for våre vene heimstadar i ei vekes tid, og det derfor vil verte litt fravær på bloggen, vil vi gi dåkke ein flott video de kan trøste dykk med i mellom tida. Vi veit dette kan bli hardt for nokre av dykk kjære lesarar, og difor har vi arbeidd hardt for å finne den beste videoen på heile jutjub.




Ettersom Andrea var så heldig å få gifte seg med Seth Cohen har vi etter ein lang diskusjon blitt einige om at Sunniva skal få denne unge herremannen for seg sjølv. God helg folkenz!!
xoxoxoxo
Da Ratz

torsdag 8. september 2011

Det eneste eg vil er å ha det fett

Hei kjære elskarar. Oops, meinte læsarar seff. No sit vi med kvar vår gulrot i handa og ser på tv2 nyhendekanalen. HAHA nei. Vi har korkje tv-kanalar eller gulrøte her i huset, og realiteten er nok at vi et ben & jerry's og ser på the o.c, som vanleg. I dag tok vi oss faktisk den friheit å kjøpe KVAR vår is, dei kosta jo trossalt berre 65 kr literen, noko vi syns var velfortjent etter at forelesaren vår totalt ditcha oss på forelesning!!!! Noko så uhøyrt, her møter vi flinke studentar opp for å sjå film ein torsdags ettermiddag, også er det AVLYST????! dette finn vi oss ikkje i. Men det førte til bedre tid til å lage middag, som enda ein gong blei.....tadaadada...tacooo. Godt va det ja.

Men!!!!! dagens største nyhende kom når vi var på kafé med Tingeling og Tone. Der satt nemleg Noregs største superkjendis gjennom alle tider, Lars Vaular, og Sunniva blei starstruck som alltid. Klarte nesten ikkje ete så mykje stirra ho, noko som førte til blåbærpai på både høgre og venstre kinn. Kan jo forstå at det er stort for ho å sjå sleke kjente andlete i offentlegheita, ho har jo tross alt budd heile livet på landsbygda i Førde. Er ikkje vant med storbylivet slik som meg nei. 

For augneblinken er vi opptatte av å planlegge den store heimreisa. Tre og ein halv times buss/bil-tur er ikkje berre berre utan nøye tidsskjema. Ettersom vi er ditcha av så og seie alle venene våre, utanom to kjekke jenter, så har vi funne ut at den planlagte bursdagsfeiringa må utsettast til seinare, noko som kanskje er like greitt har vi innsett. Då blir det enda lengre tid heime hos ho mor og han far, noko som ikkje er til å klage på etter ei hard veke i storbyen med oppvask og matlaging. 

xoxoxo 
Da Ratz

onsdag 7. september 2011

Passion for fashion

Hei igjen kjære lesarar. Vi må berre beklage vårt fravær, ettersom vi har fått opptil heile EIN kommentar om at vi er sakna. Vi har diverre vore superbusy heilt sidan forrige oppdatering, mellom anna med studering, tv-sjåing, soving og mat. Innhaldsrikt liv ja. Malene var også på besøk, og spanderte ein heil tortillachips!!! Passa perfekt ettersom vi nok ein gong skulle ete taco og i den anledning laga gøkkemøle som det så flott heiter.

Anyways, no er vi nok ein gong tilbake i vår fløtte casa etter ein lang dag i universitetsbygningane. Vi slappar av foran tv-en, og ettersom vi framleis ikkje har somla oss til å få det man kallar kanalar på tv-en så helde vi oss til tv-seriar på dvd, som vi heldigvis har ei relativt ok samling av for øyeblikket. Nett no er det oc det går i, noko som har ført til fleire kranglar om kem som skal få gifte seg med Seth Cohen. Det blir seff Andrea då.

Det vi eigentleg vil med dette innlegget er å vise deg, kjære lesar, nokre nye trendar frå moteverda.
Trend 1 - Bedhead

Bedhead trenden har som dei fleste blogglesarane våre sikkert veit vore i vinden ei stund, og i det siste har den blitt enda meir populær i kombinasjon med hemoglobinmangel, lite søvn og null sminke. For å oppnå denna fløtte stilen er det som sagt berre til å få hemoglobinmangel, sove lite, bruke null sminke, og helst ikkje børste håret på ett år. Stilen er også lettast å få til klokka 08.00 eller tidlegare om morgonen.  

Trend 2 - Magebeltet 

Magebelte??? tenke de kanskje no, ettersom det er ein del år sidan vi fekk sjå dette fenomenet på motomoloen. Men som vi alle veit kjem dei fleste trendar tilbake ein gong, og Sunniva er som vanleg førut si tid og har allereie slengt seg på magebelte trenden som ho har lukta skal kome tilbake neste år. Alt du treng er ein tråd, eit belte, eit skjerf eller evt eit skaut som du kan knyte rundt magen, og på denne måten freshe opp eit heilt antrekk. Enkelt og greitt ja!!!

No lyte vi sjå litt meir oc før vi skal vere flinke studentar som et middag på peppes
xoxoxoxo
Da Ratz

tirsdag 6. september 2011

i feel like tacos

Hei kjære vener og bekjente(obs kjem du frå Kærinæææ sin facebookanbefaling gjelder ikkje dette innlegget deg. Du vil bli henvendt til i seinare innlegg).
Som du forhåpentligvis forstår ved å lese tittelen, kjenner vi begge i våre magesekkar at vi har lyst på taco. Ettersom eg, Sunniva, åt taco heile 5 gangar forrige veke, så er vi åpenbart svært glade i å lage denne flotte retten kvar gang hungeren melder seg. Og så er det jo såååå enkelt! ENKELT?!?! seier du. Ja enkelt.

Taco a la Da Ratz:
- Varm opp panna.
- Smelt smør.
- Tilsett 0 gram kjøttdeig evt 0 gram kyllingkjøttdeig.
- Til 0 dl vatn og 0 pakke tacokrydder.
- Skjær opp valgfrie grønsaker, vi fraråder sterkt å bruke noko anna enn paprika, agurk, salat, ananas og mais.
- Rasp ost.
- Lag det viktigaste tilbehøret: guakemøle. Korleis du lagar denne eksepsjonelle "retten" vil vi komme tilbake i seinare innlegg, så det er berre å halde seg i selen!
- Varm opp lypsene. OBS hugs alumininumumsfolie.
- Klag over mangelen på reine skeier.
- Krangle om kven som skal vaske skeier.
- Vask skeier.
- Legg skeier i dei forskjellige skålene.
- EAT WOMAN!! eller man.

xoxoxoox
Da Ratz

mandag 5. september 2011

this is the second best idea that we've ever had

Kjære rotteelskarar, ja du ja, no har du både fryd og gammen i vente. No treng du ikkje lengre sende verken tekstmeldingar, mail, mms, fax eller facebookchatmeldingar for å bli oppdatert på kva storbyjentene Andrea og Sunniva finn på! Ååååånei du, no blir det oppdatert både dag og natt(neida, for då søv vi jo heheheh, hemoglobinmangel), så du treng ikkje bekymre deg for at det berre er pensum og kassalappar du må lese i haust. No sit du sikkert med eit smil på størrelse med Russland rundt munnen, men det er fakerten for tidelig. For kva skal vi lizz skrive om? Det veit i alle fall ikkje du, kjære lesar. Men vi har sjølvsagt våre tankar, så her er det berre å henge med. Sjølv om det kan gå litt kjapt i svingane. Aint no doubt this shit is crazy.

No er diverre klokka blitt heile 2300 og augelokka våre byrjar å likne på gardiner, så vi må nok bevege oss over i sengavdelinga. SENGEAVDELINGA?!?!?! seier du? Visst du er så smart at du følger med på oppdateringane våre i framtida, får du kanskje ein kreisi "tour" evt guide rundt i vårt lille krypinn/casa.
xoxoxo Da Ratz